I
år er det eit forferdeleg museår. No, ettersom hausten
nærmar seg, søkjar smådæklane seg inn
i hus og heim for å holde eit helsikes spetakkel i veggar
og loft. Som så ofte før, måtte eg også
denne gongen leita fram «Rapp» si musefelle frå
1954. (Det var utvilsomt den beste modellen) Ho har følgd
meg trufast i alle år, og fekk namnet «Berit».
Ingenting
kan måla seg med henne. Når ein fekk agna ho med gräddost,
godgjort seg i to månader på ein varm og lun stad,
slik at ho vart grøn, -kunne jakta byrja! Betre museåte
enn dette er uoppnåeleg, og resultata lot heller ikkje venta
på seg.., -Det blei full pott kvar gong!
Etter
endeleg å fått pirka fella ut frå sprekken i
loftsgolvet ho datt nedi i fjor, kom imidlertideg tårane
trillande hjå meg... Dette lille flotte kunstverket, i seinvakse
asketre, -var ikkje til å kjenna att! Då Berit fòr
nedi glipa, drog ho musa med seg i fallet. Fuktigheita frå
forråtningsprosessen hadde tydelegvis slått inn i
treverket og fått dette til å mugne, og seinare sprekkje
opp langsetter veden.

Foto
av redacteuren
tatt
med sjølvutløysar
|
Fella
var øydelagd, og denne gongen nytta det ikkje å reparera
mitt kjæraste eige. Ho blei gravlagd med stor sorg ved sia
av Gamleblakken, akkompagnert av dei såre tonane frå
salma: «Alltid freidig når det går».
Berit
fekk 1409 museskrottar på samvittigheita.

Likskue
|
Nytt
innkjøp
Då
sorga slapp sånn tåleleg taket i hjarterota, fann
eg ikkje anna utveg enn å måtte gå til innkjøp
av ei ny. Det blei ikkje heilt som eg hadde tenkt...
Etter
å ha saumfore alle butikkhyllene tre gongar på rad,
måtte eg berre konstatere at Rappmodellen med raud skrift
som eg var so fornøgd med, ikkje finnast lenger i salg.
Ikkje fekk eg auge på noko som ligna heller. Betydeleg oppgitt,
fauk eg bort til ekspeditrisa og spurde om ikkje butikken selde
musefeller. Dei måtte då for fanken ha merka denne
heftige invasjonen i år? Det fantest knapt ei kålrot
borti grønsakdisken, som ikkje var halvèten av smågnagarpakk!
«Joda,
Hr. Redaktør, vi har et stort utvalg i musefeller vi!»
Då
eg nekta plent å være einig med kvinnfolket, tok ho
meg i armen og leia meg bort til hyllene eg nett hadde kika i.
«Sjekk
denne her`a! Den er bare heelt råknæssjt design på.
Sellær jævvla mange av dem ass..!» Sa ho,
og løfta opp ein neonfarga plastikkdings, som likna på
alt anna enn ei musefelle. Forbanna som eg var, -kan eg ha nevnt
eit eller anna om at kondomeriartiklar hadde eg so visst ikkje
bruk for...
Då
blei ho sår...
Tårar
som salgstriks
Men
det fekk ikkje hjelpe. Eg likar ikkje plast, og slike nymotens
greier som dette, kunne umogelig ta livet av ei mus. Trur heller
den smeikar gråkrypet på ryggen, og ynskjer ho god
tur vidare! Den var sikkert godkjend av Greenpeace, og det ga
eg klinkande klar beskjed om.
Ekspeditrisa
byrja deretter å stortute, så høgt at heile
butikken høyrde det. For å ikkje drita oss fullstendig
ut der vi stod, kjøpte eg ein.., -sånn for husfredens
skyld...
Bruksanvisning?
Vel
heime pakka eg opp plastikkdriten for å ta ho i nærmare
i augesyn. Kor i all vèrda skulle eg plassere osten, og
korleis ladde ein slike feller? Eg kika på pakningsemballasjen
for å sjå om det kunne stå ein eller annan form
for bruksanvisning, men neidå.., -Einaste opplysningane
eg fekk der, var at ho blei produsert i Taiwan, og kor reinsleg
det var å ta ut musa.., -Må seia det ikkje hjalp underteiknande
noko nemneverdig. Viktigast for meg var at ho fanga mus, og ikkje
hygienen!
Ein
fekk berre prøva seg fram. Til slutt fekk eg iallefall
ladd fella, sjøl om det tok si tid. Det var berre ein hake
ved det.., -eg hadde gløymd å festa osten...
Eg
ville naudig desarmere fandenskapet, så eg prøva
forsiktig å stappa inn agnbiten med ein finger. Det kunne
berre gå gale... Fella small igjen over langemann av full
kraft, og eg svòr så høgt at Europrismålinga
flassa av staueveggane.
Ikkje fekk eg ut fingeren, og ikkje fekk eg kome te på baksida
og pressa ho ut derifrå heller. Det var bare ein måte
å gjera det på.., -knuse heile driten med hamaren.
Om ikkje eg hadde remja tidlegare, -gjorde eg det iallefall då!
Problemet
løysast
Aldri
så gale at det ikkje er godt for noko.., -No sit eg på
bekmørke øverloftet, med ein Norvegia framfor meg,
bevæpna med ei lommelykt og ein meterlang trepinne. Det
burde væra fullt mogeleg å svitsja på ljoset
eit kort augeblink, for så å rappe til musa med pinnen
når ho kjem tassande...
-Øving
gjèr meister, trur eg...
I`ll
be back!
-Som han seiar.., han derre Sjwarshts.., æh, Schjeggerzwartsjen..,
Swertsjenzagger.., Stjertenwasser, Pokkar òg! -Dykk veit
han der greia med alle musklane på seg...
Og Go` jul forresten...;)
***